Saturday, November 12, 2011

Ein Lur tur

Lesja ungdomsråd, 2009

17. November dreg vi i Lesja ungdomsråd eller Lur om du vil, til Marijampole i Litauen. Marijampole er vennskapskommuna til Lesja og har vore det sidan 2006. Lesja ungdomsråd tek turen til Litauen for å styrke dette forholdet ytterlegare; vi skal treffe ungdom i Marijampole, sjå korleis dei har det og kva innverknad dei har i lokalpolitikken. Med på turen skal og rektorane ved Lesja sine skular, ordføraren, næringskonsulenten og leiaren i livsløpsstyret vere med. Vi blir totalt 17 som legg ut på denne reisa.

Vi kjem til å legge ut innlegg og bilete på denne bloggen fortløpande under turen.

- Håkon Noren, leiar i Lesja Ungdomsråd