Thursday, November 17, 2011

Dag 1 - reise

Endeleg landa flyet i Vilnius, hovedstaden i Litauen. Vêret var eigentleg ganske bra, i forhold til slik det var i Noreg.

Det var ein del venting på flyplassen før bussen vår kom. Der vart vi beglodd av den lokale mafiaen, som foreløpig har vist seg å vere fredlege folk.

KGB-museet i Vilnius. Mange sterke inntrykk og historier frå Kommunistregimet og 2. verdskrig.

Johan i luftegarden til fangane i KGB-huset.
Resten av dagen gjekk stort sett med til restaurantbesøk som forøvrig dei andre har fleire bilete frå. (Kan legge til eit par seinare) og reising til Marijampole. No er vi på eit flott hotell og frokosten skal i snart inntakast.
 -Håkon Noren