Saturday, November 19, 2011

Dag 3 - Sightseeing

Vi oppdaga at sementen ikkje hadde størkna heilt.

På vitenskapsmuseet i Marijampole.

"Multi science"

Her kunne ein sette saman musikk.

På veg inn i ein stall frå 1800-talet.


Vi var ikkje aleine på militærmuseet. 


Inne i ein enorm fotballhall.

Ei utendørs fotballbane, ved sidan av hallen.

Dag 2 - Skulebesøk og bowling

På besøk hos ordføraren i Marijampole. Steinar får ei gåve frå kommuna.


Eg skriv i gjesteboka på Rytas skule, skummel affære.

Heftig kanonball i gymsalen på skulen.
Vi var på ein slags mottakingsseremoni på skulen. Elevane både dansa, sang og prata om korleis dei hadde det på skulen.

Kantina på skulen, ikkje bra..

Vi møtte ungdomsrådet i Marijampole, der nokre elevar som lærte norsk hadde laga denne.


Etterpå var vi med dei på ein svært bra konsert på ein privatskule i byen.
På bowling med ungdomsrådet frå Marijampole, vi kom på 2. plass!
Eg prater med nokre av medlemmane frå ungdområdet, bra folk!

Alexandra bidrog mykje til seieren :)

Janne og Mina nyt maten i restauranten?

Viktig å presisere at Alexandra tok dette bilete, forøvrig resten av bileta frå denne dagen. 

Kan ikkje klage på maten her!

Det er ikkje berre vi som har det bra her.
På eit museum der vi lærer om korleis Marijampole vart til, eit katolsk museum.

Museet burde gå til anskaffelse av fleire stolar.

Thursday, November 17, 2011

Dag 1 - reise

Endeleg landa flyet i Vilnius, hovedstaden i Litauen. Vêret var eigentleg ganske bra, i forhold til slik det var i Noreg.

Det var ein del venting på flyplassen før bussen vår kom. Der vart vi beglodd av den lokale mafiaen, som foreløpig har vist seg å vere fredlege folk.

KGB-museet i Vilnius. Mange sterke inntrykk og historier frå Kommunistregimet og 2. verdskrig.

Johan i luftegarden til fangane i KGB-huset.
Resten av dagen gjekk stort sett med til restaurantbesøk som forøvrig dei andre har fleire bilete frå. (Kan legge til eit par seinare) og reising til Marijampole. No er vi på eit flott hotell og frokosten skal i snart inntakast.
 -Håkon Noren

Saturday, November 12, 2011

Ein Lur tur

Lesja ungdomsråd, 2009

17. November dreg vi i Lesja ungdomsråd eller Lur om du vil, til Marijampole i Litauen. Marijampole er vennskapskommuna til Lesja og har vore det sidan 2006. Lesja ungdomsråd tek turen til Litauen for å styrke dette forholdet ytterlegare; vi skal treffe ungdom i Marijampole, sjå korleis dei har det og kva innverknad dei har i lokalpolitikken. Med på turen skal og rektorane ved Lesja sine skular, ordføraren, næringskonsulenten og leiaren i livsløpsstyret vere med. Vi blir totalt 17 som legg ut på denne reisa.

Vi kjem til å legge ut innlegg og bilete på denne bloggen fortløpande under turen.

- Håkon Noren, leiar i Lesja Ungdomsråd